GOD LITTERATUR KAN FLYTTE INDRE FJELL
Før januar 2026 hadde eg aldri vore sør for Sahara. Sahel. Tilståing: Hadde aldri tenkt på å reise til det svarte Afrika heller. Kva kom det av? Eg som frå første engelsktime ville lære språk og alt språka hadde i si store kiste? Eg som har reist, reiser, og skal reise, svært gjerne langt? No kallar eg det å forflytte meg. Gauz’ første bok Debout payé – på norsk Betalt for å stå, 2025 – føregår stort sett i Paris, med nokre inn smett frå heimlandet. Kontakten min med forfattaren undervegs i arbeidet var knapp, og handla langt ifrå om norsken. Ved utgivinga kom Gauz’ nordover til Litteraturhuset i Oslo, og på middagen etter sam talen der, er det første han spør om Ivar Aasen og nynorsk. Hakeslepp bordet rundt.
Korfor denne ikkje-interessa mi for Afrika? Eg trudde det kom av misjonsbasarane, einaste forma for underhaldning i den vesle bygda mi i Sunnfjord då eg var barn. Presten frå Jæren fekk sett foten ned for Bygdekinoen og for folkeviseleik på elevkveldane. Han skulle berge oss frå syndas pøl. Meg beit han ikkje på, men eg hadde i minst to tiår fordommar mot Jæren òg, heilt til eg kom dit. Basar var moro, fullt i folk. Myteavliving: Det var loddpengane som gjekk til Afrika, ikkje ullsokkane. Før trekninga kom ein misjonær opp frå Kamerun eller Madagaskar og fortalde og viste lysbilde av smilande svarte ungar med drivkvite skjorter og tenner og ei drivkvit kyrkje dei hadde bygt med eigne hender. Var det desse blendande minna som i endå fleire tiår sperra vegen for meg til eit heilt kontinent? Nja, den seige motviljen kom med alder, informasjon og eiga læring. (Takk endå ein gong, Lånekassen, mitt livs lys.)
Men til Camarade Papa, ‘andreboka’. Den første var ikkje direkte lett å omsette, men denne så pass språkleg kravstor at… Det landet så ukjent og fjernt, at … Og så mykje natur og sjø å skildre! Og den fransken der, nei franskane, og folket, nei folkeslaga, og jungelen og – eller var det regnskog? La brousse, var det såkalla bush? Ordbøkene seier villmark, som seier meg alt og ingenting. Kva for omgivnadar var det eigentleg dei tok seg fram i, desse oppdagarane? Eg reiste rett og slett til Elfenbeinskysten, 140 år etter forteljar Dabilly. Drog etter vår nokså ferske oppdagingsreisande der han traska langs Komoéelva, eg rett nok i firhjulstrekkar og med forfattaren sjølv bak rattet.
Mitt Afrika: ‘jungelen’ i innlandet er rett og slett skog og broussen – ei blanding av savanne og kratt. I notid er mykje av begge delar erstatta av endelause plantasjar med hevea, gummitre så høge og spinkle at ein må lure på om slikt kan tole vind og vêr.
Grand-Bassam, hovudkvarter for den historiske delen av romanen, var eg mest spent på, og før den gaida turen inn i broussen, var det i Bassam (lokalt namn) eg sat og jobba i veg, i hjartet av handlinga og ikkje minst handelen. Kva var å sjå etter den inngrodde vesle ‘kolonien’ med franske menn på denne sørkysten av Vest-Afrika, heilt sidan før koloniveldet? Her levde og handla dei, på ei sandstripe mellom lagune og eit særskilt heftig hav. Nokre, som Arthur Verdier og Marcel Treich-Laplène, er faktiske historiske personar. Handelsbygg og liknande står att etter tidlegkolonistane den dag i dag, om ikkje alt like stødig etter halvtanna hundreår på sandgrunn. Handelshuset til Verdier fór faktisk rett på sjøen, same året kolonien var offisiell. Delar av Quartier France har Unesco pussa opp. Det gjeld ikkje Fort Verdier, sentralt i forteljinga og der hovudpersonen vår losjerer. Med fort såg eg for meg noko mektig av stein. Men dette er av tre og liknar eit middels herskapshus i Sørstatane, med veranda i huslengde (men her i andre etasjen) og jungelaktige restar av hage, svært forfalle det heile. Tida og klimaets tenner. Gauz’, som først køyrde meg rundt i gatene her, peikte og fortalde generøst. På spørsmål om det fanst eit museum der i Bassam (namnet lokalt), peikte han på sitt eige hovud: «Le musée, c’est moi!» Det var ikkje skryt.
Og koloniseringa er ikkje så fjern fortid. Frankrikes koloni Côte d’Ivoire var offisielt kunngjort 10. mars 1893. Alt kom mykje nærmare då eg reint fysisk stod på stranda der Louis-Gustave Binger, landleitar in extremis og Frankrikes nyutnemnde koloniguvernør hadde stege i land den fjerne dagen. Men det Kamerat Papa fortel om, føregår faktisk mens Kristian Oluf f.1883 og Thea Marie f. 1886, mine eigne besteforeldre på farssida, er barn. Dei stod eg svært nær, og vi budde i same hus. Mi misjonhekta Besta levde til eg godt og vel var franskstudent. Rundt midten av syttitalet studerte eg fransk i hovudstaden, og post-1968 handla postkolonialismen på det faget mest om dei franske koloniane Nord-Afrika, Maghreb. Misjonslysbilda var truleg grunnlaget for denne avskrivinga av Afrika sub-Sahara. Men den seige, uklare motviljen eg med tida utvikla mot kontinentet, bygger på alt som etter den tid har komme fram om kolonialismen, alt det fælslege som dei veldige fotefara etter den lèt etter seg til denne dag og på fleire kontinent.
Å flytte ytre språkfjell – fonetikk og logikk
Målet er at Camarade Papa skal bli Kamerat Papa så lesarane gløymer at det ikkje er originalen dei les. Eg tilhøyrer den halvdelen av standen omsettarar som les boka først og skriv ho om igjen frå start. Det skar seg fort her: Forteljaren er ein kvikk 8–10 år gammal gutunge i Amsterdam, andregenerasjons ivorianar med fransktalande foreldre, nederlandsk skulespråk og som skriv som best han kan, til dels etter lyden. Skal eg halde stilen og tonen hans, må alle hans kapittel takast først. Å lese skriftbildet høgt fortel meg kva guten trur han skriv. Med skarp logisk sans lagar han verb: trister, for fransk ‘attrister’, å gjere trist – å triste på kortreist norsk. Eller han skriv etter sin indre lyd: Se foller, for s’affoler, kave seg opp. Så er folle på fransk feminin for galen, og han snakkar om ‘lærinnene’. Endeleg versjon: Dei galnar seg. Å omsette er å velje og velje og vri og vende og tvile og velje og så vidare. Mens eg ‘skriv han’, grublar eg på noko i 1880-talsdelen av boka, spesifikt måten dei innfødde snakkar fransk på: så barnsleg! Sjekkar engelsk versjon, likeins der. Typisk kolonistlanda. Men på norsk verkar så pass enkel tale meir rasistisk, som i gamle dagars teikneseriar, kan eg skrive sånn? Jo, men forfattaren er afrikanar og svart og veit alt og det er hans bok, eg skriv så nær eg kan slik det står.
For å forstå og gjere seg forstått hos kolonistane måtte nok roarar, berarar, tenar skap lære seg det dei trong i praktisk kommunikasjon. Det er når enkeltpersonar får kontakt på tvers av raseskiljet og skal snakke saman nyansert eller diskutere viktige ting at heile setningar må til og grammatikk.
I Elfenbeinskysten har dei seksti ulike språk. Dabilly, den unge franske hovudforteljaren i Kamerat Papa, lærer seg agny. Eller – det er den franske måten å sette bokstavar på lokal uttale av språket. Engelsk: Anyi. Tysk Agni. I samråd med afrikanist Ingse Skattum høvla eg desse germanske skrivemåtane ned til anji. Språk er lyd, skrift er lydlaus transport av språk. I grunnen. Folkeslaga (eller heiter det folkegrupper no?) er like mange i landet, dei vi møter i boka har også namn skrivne på fransk, og somme går fint på norsk: kapless, krumens (av engelsk crewmen), bambara, dagomba. Gourounsi blir gurunsi. Soninké, batéké, malinké får miste aksenten som på engelsk og tysk. Fransken har så tett med aksentar i alle namn her at eg rett og slett ikkje er kompetent til å vere konsekvent. Og ashanti – asjanti? Eit så berømt folk bør kunne googlast, ashanti med sh, lat stå.
Apropos teikneseriar
Misjonskulturen var ein ting, men korleis hadde ikkje populærkulturen forma meg! Ånden (!) som gjekk og gjekk i avisa: At ei stråhytte er rund, men det er hos Fantomet. Og ordboka fortel at pagne betyr lendeklede, men det var jo det Tarzan gjekk med framfor skrevet? Einspora ordbøker. Eg går i staden til min gode nabo Piet, han har budd i Elfenbeinskysten og opptrer stolt for meg i sitt pagne – eit stort og vakkert tøystykke av bomull som nittiåringen no brukar som sidt ‘nattskjørt’. Frå eg sjølv kjem til same landet, glaner eg uhemma, det er pagnes på alle kantar og særleg på damer, i overveldande fargar og mønster og funksjonar.
Reiva fast i livet, knytt over brystet, over eine skuldra, utanpå andre plagg … På norsk får det bli både pagne og klede, alt etter som. Og korleis omsette sorcier og sorcière? Heksedokter, heks, medisinmann – orda er belasta og medisinkvinne ukjent, magi altfor disneysk. Eg landar på fetisjprest, trollmann, trollkvinne og trolldom.
Eit høgst besynderleg ord
Coqueluche? Ordgleda til Gauz gjennomsyrer alt. Og fransk språk kan vere temmeleg skrudd i seg sjølv. Ut frå konteksten har det noko å gjere med tulipanar. Eg slår opp: kikhoste! Lydleg ikkje aldeles ulike ord, men … Slår opp meir: kan også bety kjæledegge. Ikkje innlysande. Ringer fransk venninne: i vår tid eit ord for medieyndlingar! Kjendisar, altså. Tulipanane var rett og slett megapopulære. Her har forfattaren mora seg. Ikkje alt han vrir på får eg til, då leikar eg meg med andre ord og uttrykk der det passar – vi har heldigvis nokså lik humor, han er meir vestafrikanar (vestlending) enn fransk. Kulturar endrar seg både borte og heime, å omsette skjønnlitteratur er å omsette meir enn det som på førehand tenkjast kan. Også svært franske fenomen er meg framande: Sedan? Thiers? Ein annan Adolphe? Den fransk-kulturelle lesaren tar dette på minste vink. I dette yrket kjem du verkeleg ut på vågar du ikkje har visst om.
Tove Bakke, våren 2026 (illustrasjonsbildet er av oversetteren og forfatteren i kunstnerlandsbyen Grand-Bassam i Elfenbenskysten)
Til orientering
Pariskommunen 1871: 72 dagar med radikalt sjølvstyre og revolusjonær sosialisme i Paris.
de Thiers, Adolphe: stod bak massakren av kommunardane over og blei sjef for regjeringa.
Maronane: rømte slavar i Surinam (og Karibia generelt), Boni Bokilifu var friheitskjempar og geriljaleiar.
