Skandale og kjærleik

Etterord til «Århundrets skandale» av Gabriel García Márquez

Av Sigrun Slapgard

Å, for ein makaber skrivefest Gabriel García Márquez ville hatt om han framleis var blant oss! Forfattaren sa alltid at han sjeldan trong å finne på noko som helst, verkelegheita var heftig nok. No lever vi i koleraens tid med uverkelege hendingar, ein patriark i aust skriv om historia og utsett Europa for brutal overfallskrig. Ein diktator av i dag stiller fiktive dramaseriar som Game of Thrones i skuggen. For å seie som Gabriel García Márquez truleg ville ha sagt: Tenn ein sigarett, tenk over det. Kva betyr det å vere sannferdig, skildre det verkelege livet? Han hadde nok av gode døme å hente frå heimlandet. I Colombia kan drap heite «slipset»; folk blir drepne med eit snitt mot halsen, får tunga tredd ut av snittholet som eit slips, og det blir knapt ein notis i avisa. Kva er feilen, spør Gabriel García Márquez, når dette forferdelege som skjer er for vanleg til å få oppslag i avisene, men for grufullt til å passe i ein roman. Det er så ein får lyst til å be kvardagen om å moderere seg.

Tenn ein ny sigarett. Tenk over det igjen. Døden er ei upåliteleg dame. Og skiljet mellom skugge og lys, verkelegheit og fantasi kan kome til å bli utflytande. Ein stad i Latin-Amerika kom det til verda nyfødde med grisehale. Skjedde det før eller etter at Gabriel García Márquez skreiv om det? Kva med fiskane som kom gjennom lufta, dei gule sommarfuglane. Korleis heng det saman at ein litteraturkritikar kan finne på å seie at hendingar i ein roman er overdrivne, når forfattaren har skildra slikt som skjer kvar dag i Colombia.

Slik kunne journalisten og forfattaren Gabriel García Márquez fyre laus, dampande på sigar eller sigarettar, leikande med ord. Fleire av setningane du akkurat las, har utspring i ei samling journalistiske tekstar under overskrifta Århundrets skandale. Her ser ein til fulle slektskapet mellom journalisten og diktaren hos mannen kjærleg omtala som Gabo.

I ei tid der mange seier dei les Hundre års ensomhet om igjen, eller kanskje les for første gong, er det verdt å minne om det forfattaren sjølv sa: «Eg vil ikkje bli hugsa for Hundre års ensomhet, ikkje for nobelprisen, men heller for det eg skreiv i avisene. Eg blei fødd som journalist, og i dag meir enn nokon gong kjenner eg meg som reporter. Det er i blodet mitt.» Denne nyutgitte samlinga av femti journalistiske arbeid har glitter av ein tidleg utvikla teft for kvardagens fargar og mysterium, og dei seinare artiklane i den spanske avisa El País sprutar av ustoppeleg forteljarglede. Tidleg på åttitalet måtte ein bestille avisa spesielt på Narvesen i Oslo, og vekesspalta til Gabriel García Márquez gjorde at eg ofte kjøpte ei avis som var dyrare enn eg hadde råd til. Avisspaltene klipte eg ut og samla på til dei blei gule som det gullet dei var; epistlar med ei særeigen sprengkraft, anten dei var slentrande eller prega av svart humor og politisk brodd. Desse vindauga inn til den verda han rapporterte frå gir ei djupare forståing av sanninga i hans litterære univers, og korleis journalistikken skapte diktaren.

Alt i debutromanen frå 1955, La hojarasca, er handlinga lagt til den imaginære byen Macondo, som litt over ti år seinare skal bli så verkeleg for millionar av lesarar gjennom storverket Hundre års ensomhet frå 1967 (på norsk i 1970). Eg er ikkje åleine om å leite på kartet for å finne Macondo når eg har reist til Colombia, sjølv om Google minner meg om at det er byen Aracataca forfattaren er fødd i, nå like verdskjent som Macondo. Her blei Gabriel García Márquez fødd som eitt av seksten barn til telegrafisten i byen. Han erkjenner sjølv at denne byen kan ha mye til felles med den heimstaden han skapte til Aureliano Buendía og hans store familie.

I mange år var han journalist for El Espectador, han samla på historier og gav ut romanar som nesten ikkje fekk merksemd. Men avisartiklane skaffa han trufaste lesarar, og frå 1955 var han Europa-korrespondent. Nokre år seinare blei Latin-Amerika prega av opprør mot fleire despotar, og med ny base i Caracas, hamna Gabriel García Márquez midt i turbulensen. To av dei journalistiske stykka han skreiv derifrå, i ein stil og spenningsbygging som skal kome til å kjennetegne forfattaren, er med i denne boka. Framleis kjennest tekstane brennande aktuelle, som essayet «Caracas uten vann».

Gabriel García Márquez var litt over førti år da han i eksil i Mexico stengte seg meir eller mindre inne med si Smith Corona skrivemaskin i atten månader og skreiv den store romanen om familien Buendía i Macondo. Han hadde gitt ut fire romanar, ingen av dei store suksessar, og mannen som i Latin-Amerika gjekk under namnet Gabo, var spent da han avslutta manus, ei familiehistorie over sju generasjonar frå ein imaginær karibisk landsby på kysten av Colombia, inspirert av forteljingar han hadde høyrt der han vaks opp.

Men somme av forfattarvennene gjekk alt og snakka med låg stemme om at ein av tidenes beste spanskspråklege romanar var i emning. Gabriel García Márquez ynda seinare å fortelje om den spennande dagen da han og kona Mercedes gjekk til postkontoret med den tjukke manusbunken på nesten fem hundre sider og måtte selge personlege eigedelar for å ha råd til portoen. Da var det Mercedes sleppte kommentaren som først seinare skulle få forfattaren til å le: «Det einaste som manglar nå, er at du har skrive ein dårleg roman.»

For mannen som var uønskt journalist i eige land, forandra livet seg. Gabo, Gabriel García Márquez, blei verdskjent og boka allemannseige. Han hamna i ein ny livssituasjon der både presidentar og opprørsleiarar ville ha han som venn. Sjølv heldt han fram med å insistere på at alt han skreiv var journalistikk og reportasje frå den verkelege verda. Var kanskje ikkje verdas første oppsiktsvekkande nyheitsmelding, etter skapingsverket, at Adam og Eva blei drivne ut av paradiset? Han heldt fram med sin unike sans for skarp brodd og livets ironi.

Da Gabriel García Márquez fekk nobelprisen i litteratur i 1982, lo han av litteraturvitarar i Europa som sette merkelappen magisk realisme på det han skreiv. Han heldt ein tale med syrleg adresse til den festkledde forsamlinga: «Eg vågar å tru, at det er den fantastiske verkelegheita, og ikkje berre det litterære uttrykket for denne røynda, som i år er funnen verdig merksemd frå det svenske akademiet … alle vi skapningar av denne løpske verkhelegheita har trunge å be om svært lite frå fantasien. Vår største utfordring har vore at konvensjonelle middel ikkje strekk til for å gjere vår røynd truverdig. Dette, mine venner, er kjernen i vår einsemd.»

På denne tida var tala på forsvunne og torturoffer i ferd med å bli svimlande høge. Men Gabriel García Márquez skulle også framover slite med at han blei plassert i den magiske boksen. Seinare gav han ofte romanen Beretning om et varslet mord (1981) som eksempel på at det han skreiv ikkje var oppdikta, og fortalte at dette var ei historie han hadde kjent i tretti år og delvis handla om hans eigen familie. Romanen Patriarkens høst (1975) var også «sann» på den same måten, ei poetisk framstilling av ulike latinamerikanske diktatorar og deira desperate handlingar for å halde på makta. Men vi som har tenkt at dette var politisk treffande og heldigvis typisk for det førre hundreåret, må nå tenke om igjen når vi ser til dagens Moskva. Vår tids Putin er like fryktinngytande barokk som diktatoren Zacarías, hovudpersonen dikta fram av realisten Gabriel García Márquez i Patriarkens høst.

Kva hadde han sagt i dag, den briljante forfattaren med ankerfeste på Cuba? Ved å flytte dit slo han seg ned i eit usannsynleg faktum: Øya, som blei behandla som det private horehuset til USA, sleit seg laus og blei til eit sosialistisk Cuba med leiarnamn som Che Guevara og Fidel Castro. Det går ei line gjennom livet til Gabriel García Márquez, frå hans første studenthybel over eit horehus, dei seinare opphalda i Caracas og Mexico og nære kjennskap til mange diktatorar, og til eit hjarte som slår trufast for lilleputtlandet Cuba. I El País-artikkelen om blokaden frå 1980 lar han faktiske forhold snakke: «I Cuba var det 482 560 bilar, 343 300 kjøleskap, 549 700 radioar, 303 500 fjernsyn, 352 900 strykejern, 286 400 kjølevifter, 3 510 000 armbandsur, 63 lokomotiv og 12 handelsskip. Alt dette, unntatt armbandsura som var sveitsiske, var produsert i USA.» Slik gav han sitt perspektiv på den katastrofale amerikanske blokaden av deira gamle vasallstat.

Gjennom heile dette utvalet av artiklar ser vi journalisten som grip tak i usannsynlege hendingar og blir til ein særeigen skjønnlitterær forfattar. Det er slik han gir oss ei sanning som er langt meir enn oppramsing av fakta. Alle faktasjekkar bommar jo på det diktarar som Gabriel García Márquez veit, at den djupaste sanninga alltid er meir enn faktaopplysning.

Når han i artikkelserien som har gitt samlinga tittel, Århundrets skandale, gneg seg som ein jerv inn i ei drapshistorie på ei fattig ungjente i Roma, viser han det på ein annan måte. Nettopp ved å gå detaljert og detektivaktig til verks får han fram det sosialt opprørande i saka. Lesarane blir hekta på ein følgjetong som ender i ei gåte. Skandalen er at det etter to år med etterforsking verken er oppklaring eller straffedømte.

Den gjenkjennelege kampen med skrivemaskina, finne ei overskrift, ei god nok sak, skriving som kjennest nærmast som sjølvmord. Alt dette finst det også spor etter i desse tekstane, alt saman nøklar til det som skaper ein sjeldan forfattar. Gabriel García Márquez kalla seg helst reporter, ein livets reporter, og var ikkje redd for å gå inn i minefelt. Han ergra på seg mange feministar med ei av sine siste bøker, Alle mine triste horer (2004), men for min del er han for alltid tilgitt for scena han skreiv inn i Kjærlighet i koleraens tid som kom tjue år før:

«Hun tok ham med inn på soveværelset og begynte å kle av seg uten falsk unseelse, og med lysene på. Florentino Ariza la seg på ryggen i sengen, prøvde å gjenvinne herredømmet og visste ikke hva han skulle gjøre med skinnet på den tigeren han hadde skutt. Hun sa: ‘Ikke se.’ Han spurte hvorfor, uten å ta blikket fra taket.

– Fordi du ikke kommer til å like det du ser, sa hun.

Da så han på henne, og hun var til naken til livet, slik han hadde forestilt seg henne. Hun hadde rynkete skuldre, hengende bryster og ribbena kledd med et blekt og kaldt skinn som på en frosk. Hun holdt blusen foran brystet og slukket lyset. Da satte han seg opp og begynte å kle av seg i mørket, kastet hvert plagg han fikk av seg på henne, og hun hev dem tilbake, hylende av latter.»

Begge nærmar seg 80, Florentino Ariza har venta på si Fermina Daza i 51 år, 9 månader og 4 dagar.

Reportasje? Dikting? Gabriel García Márquez sette i alle fall orda på ei av dei vakraste kjærleikshistoriene i litteraturen, og det frå ei tid som er nesten som vår, koleraens tid.

 

Sigrun Slapgard (30. oktober 1953) er en norsk journalist, forfatter og ny­ norskforkjemper. Hun har blant annet arbeidet i NRKs utenriksredaksjon, og rapporterte hjem for NRK under Kosovo­krigen i 1999, og fra Qatar under invasjonen av Irak i 2003. Fra 2007 til 2008 var hun programleder for utenriksmagasinet Urix. Slapgard har også laget dokumentarer fra Midtøsten, Latin­Amerika og Spania. Hun ble nominert til Brageprisen og fikk Melsom­ prisen for sin biografi over den kvinnelige krigsreporteren Lise Lindbæk. Hun fikk Nynorsk litteraturpris (2013) for romanen Englestien. I 2020 ble Slapgard igjen nominert til Brageprisen for dokumentarboka Eit hemmeleg liv. Spesialagent og Spaniafrivillig Wilhelm Holst.

f
1942 Amsterdam Ave NY (212) 862-3680 chapterone@qodeinteractive.com

    Free shipping
    for orders over 50%