Beskrivelse
Vokabular
I ivorianarmiljøet i Frankrike er vektaryrket så fast forankra at det har generert sin eigen terminologi, alltid prega av fargerike uttrykk frå nouchi, folkeleg abidjanesisk slang.
Betalt for å stå: femner alle yrke der ein må stå for å tene til føda.
Zagoli: vektaren sjøl. Zagoli Golié er ei berømt målvakt på Éléphants, fotballandslaget til Elfenbeinskysten. Å vere vektar er som å vere målvakt: Du står der og ser på at dei andre speler, og no og då kastar du deg etter ballen.
Soufè-wourou: bokstaveleg talt «nattehund» på malinke. Termen står for «hundeførar», eller «hundeførande spesialsikkerheitsvakt», som det heiter i administrativ terminologi. Endå soufè-wourouar får svært mykje betre betalt, er det langt færre av dei enn av «zagoliar» i dei afrikanske miljøa.
I Sahel-Afrika og Afrika sør for Sahara – med unntak av hos dozoafolket, ein jegerkaste kledd som fugleskremsel – er hundedyr tradisjonelt sett ikkje omtalte som anna enn «skabbehund», «bastardhund», «vond hund» … For deira plass blant menneska er det lite rom for nyansar.
Ideen om hunden som menneskets beste venn er dermed ein vestlegisme som enno er altfor fersk for afrikanarar. Når du har vakse opp med forakt eller redsle for meir eller mindre skabbete eller rabiessmitta hundar som flakkar radmagre rundt i dei afrikanske byane, blir det å få seg ein hund til livskamerat og arbeidspartnar både psykologisk og kulturelt eit hinder som er svært vanskeleg å overstige. Berre det å ha hund, fôre han, dressere og halde han i god form er ei betrakteleg økonomisk investering når du verken har papir eller arbeid. Så om arbeidet ditt krev at du investerer i hund, kan du trygt seie at hunden bit seg sjølv i halen. Ivorianarane har konkludert: «Zagoli er best!»