Beskrivelse
Kort innleiing
Frankrike har sidan midt på 1600-talet vore til stades på den kysten som i 1893 skulle bli kolonien Elfenbeinskysten, Côte d’Ivoire, men nærværet tar seg sterkt opp med koloniseringa og etablering av ei stor mengd ulike handelsstasjonar der, først og fremst ved havet. Dette hindra engelskmennene i å få fotfeste og kontroll i Guineabukta og førte til spenningar mellom dei to nasjonane. I 1870, etter slaget ved Sedan og det knusande nederlaget for Napoleon III i den tysk-prøyssiske krigen, blir dei franske styrkane på denne vestafrikanske kysten henta heim. Ei handfull handelskompani blir åleine igjen om å vakte den franske trikoloren mot så vel engelskmenn som lokale folkegrupper.
Desse kompania ligg alle på ei smal stripe mellom lagunen og Atlanteren. Samtidige kart over landet på den tida er elles godt som tomme. Arthur Verdier, ein forretningsmann frå La Rochelle og den franske statens konsul i «landet» frå 1871 til 1889, har ambisjonar om å drive privat gruvedrift med konsesjon frå Frankrike når kolonien er eit faktum. Agenten hans lokalt, Marcel Treich-Laplène, styrer oppdagingsferder og inngår avtalar med lokale høvdingar. Men det er Louis-Gustave Binger, ein militæroffiser, som etter å ha trengt inn via Dakar (i Senegal) og Vest-Sudan* (sidan 1960 Mali) fram til Kong (heilt nord i Elfenbeinskysten) skal få æra av å fastsette grensene – og bli utnemnd til landets første guvernør. Offisielt blir kolonien grunnlagd den 10. mars 1893. Same året tar ei flodbølgje med seg Verdier-forretningane i Grand-Bassam, eit ironisk samanfall med denne nyskrivinga av Historia.







